First Lego League

First Lego League

Skandinavias største teknologiturnering vart arrangert 13.november 2021. Sogn har for første gong fått status som arrangørby, og gjennom Sogn Opplæringskontor vil det årleg bli arrangert konkurranse for alle skulane i Sogn. Neste år håpar me fleire skular ønskjer å delta.

Me har undervist i valgfaget Programmering ved Tangen og Farnes skule. Elevane har jobba målretta opp mot konkurransen som vert halden 13.november. 

Det var påmeldt 846 lag totalt i Skandinavia. First Lego League er ein konkurranse som set logikk, mattekunnskap, vitenskap, ingeniørvitenskap, teknologi og programmeringsevner på prøve. I tillegg skal elevane løyse ei oppgåve som går ut på dagsaktuelle problemstillingar. I år var oppgåva Cargo Connect, der elevane skulle finne løysingar på transport og logistikkutfordringar i framtida. 

Det er fagpersoner som dømmer kampane. Resultata vert sendt inn slik at me får rangeringa live. 

Konkurransen er tre-delt: kjerneverdi

Prosjekt

Prosjektdelen er forskningsdelen i programmet. Her skal deltakarane forske på årets tema, finne ein relevant problemstilling for så å foreslå ei løysing på denne. Det kan vere eit produkt, ei tjeneste, ein forbedring av noko som allerede eksisterar, eller andre innovative løysingar.  

 Teknologi/Robotkonkurranse

I teknologi skal elevane lære å programmere ein LEGO SPIKE Prime eller MINDSTORMS Robot og bruke den til å løyse hinder på ei robotbane (denne følger med i Challengesettet). 

 Kjerneverdier 

Desse omkransar alle kategoriane og skal vere tydeleg gjennom heile prosjektperioden. Fokuset er på at deltakarane skal jobbe saman som eit lag, respektere kvarandre, og ha det kjekt.

 

For å vinne må ein ha høgst samla poengsum av den tre-delte konkurransen.

Vinnarlaget som skal representere Sogn i Skandinavisk finale i Ålesund er: FARNES SKULE 8.KLASSE! 

 

IMG 0797 2

Farnes skule 8.klasse: Vinnerne av prosjektprisen og robotkonkurransen!

8klasseTangen

Vinnerane av kjerneverdiprisen var Tangen skule 8.klasse. Dei kom òg på 2.plass i robotkonkuransen

9klasseTangen

Vinnerane av teknologiprisen var Tangen skule 9.klasse

Vinnerane av teknologiprisen var Tangen skule 9.klasse

 

 

 Me er kjempe stolte over alle elevane, dei har jobba hardt, har samarbeida godt og verkeleg kosa seg med faget!

Her kan du lese meir om First Lego League: FFL

  Uttdrag fra Hjernekraft si nettside: 

I FIRST® LEGO® League får dere arbeide som forskere og ingeniører med samfunnsaktuelle tema og finne løsninger på problemer voksne ikke vet svaret på. 

Gjennom 8 uker skal dere arbeide med et prosjekt der dere skal forsøke å finne en løsning på en egenvalgt problemstilling, og dere designe og programmere en LEGO Education SPIKE Prime eller en LEGO MINDSTORMS-robot til å løse oppdrag på en robotbane.
Kjerneverdiene er selve hjertet i FIRST® LEGO® League. Ved å omfavne kjerneverdiene lærer deltakerne at vennskapelig konkurranseog gjensidige fordeler ikke er separate mål, og at det å hjelpe hverandre er grunnlaget for lagarbeid. Gjennom hele sesongen skal kjerneverdiene være grunnlaget for godt samarbeid, respekt og inkludering.

I FIRST® LEGO® League: Challenge møter dere matematikk, naturfag og teknologi på en spennende og virkelighetsnær måte.
Bilder frå tidlegare konkurranser: 
ffl2ffl3ffl1