Lærlingvideo

Her er videoar me har filma av forskjellige lærlingar i forskjellige yrker der dei fortel om korleis dei sjølve opplever det å væra lærling.

Klikk på bildet for å sjå video. 

SALSFAGET

MarteElise

Marte Elise er lærling i salsfaget på Quality Hotel Sogndal. Læreløpet er normalt to år på skule og to år i bedrift. I salsfaget får du lære om kundebehandling, sal og marknadsføring av produkt, og bli i stand til å handtere endringar og sikra lønsam drift av verksemda. Salsfaget passar godt for deg som er serviceinnstilt, likar å arbeide i eit miljø med høgt tempo, er blid og utadvendt.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er salgsmedarbeider

 

PRODUKSJONSTEKNIKKFAGET

Preben

Møt Preben, han er lærling i produksjonsteknikkfaget på Lerum. I produksjonsteknikkfaget får du kompetanse i styring og drift av produksjonsmaskiner, utstyr og samanstilling av produkt. Faget skal legge grunnlag for yrkesutøving innan framstilling av produkt i prosess-, metallurgi- og vareproduksjonsbedrifter. Ein produksjonsteknikar driftar, utviklar og forbetrar produksjonsprosessar i industrien. Her får du lære bruk av automatiserte produksjonsmetodar, stabil produktkvalitet og høg effektivitet.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er fagoperatør i produksjonsteknikk. 

KJEMIPROSESSFAGET

Skjermbilde 2021 04 30 kl. 13.43.49

Ali er lærling i kjemiprosessfaget på Hydro Aluminium Årdal. Er du interessert i styring og overvaking av produksjon i prosessindustrien, prosessar og produksjonsmetodar? Ein fagoperatør i kjemisk prosessindustri skal kunne arbeide planmessig, nøyaktig og grundig, sjølvstendig og i samarbeid med andre. Ali har ein spennande og variert arbeidskvardag. 

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er fagoperatør i kjemisk prosessindustri.

 

ELEKTRIKARFAGET

Dulsvik

Lars Ove er lærling i elektrikarfaget ved Sogn Elektro AS. Arbeidsoppgåvene er varierte der ingen dagar er like. Eit høgt utvikla teknologisk samfunn krev sikre og velfungerande elektriske installasjonssystem. I elektrikarfaget skal lærlingen lære å installere, kontrollere, vedlikehalde og reparere elektriske system. Opplæringa skal utvikle lærlingens evne til å tenke heilheit, og fremma system- og sikkerheitsforståing og evne til omstilling.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er elektriker

 

2 fagbrev på 3 år

Kontor- og administrasjonsfaget / Salsfaget

Toger

Tøger er lærling i Luster Sparebank. Han tek 2 fagbrev over 3 år. Det første fagbrevet han tok var i Kontor og administrasjonsfaget, no er han snart ferdig med sitt andre fagbrev i Salsfaget. 

Salsfaget og Kontor- og administrasjonsfaget har mange likheitstrekk, noko Tøger får erfart i sine arbeidsoppgaver. 

Kontor- og administrasjonsfaget skal leggje grunnlag for yrkesutøving innan service, kundebehandling og kontoradministrative oppgåver i offentleg og private verksemder. Opplæringa skal bidra til å utvikle lærlingens kunnskap om verksomheitas organisering og strategi for kommunikasjonsløysingar internt og eksternt. Fremje kompetanse i bruk av økonomisystem, bruk av teknologiske verktøy i kontorarbeid og informasjonsbehandling, og i gjeldande regelverk for HMS. 

I salsfaget får du lære om kundebehandling, sal og marknadsføring av produkt, og bli i stand til å handtere endringar og sikra lønsam drift av verksemda. Salsfaget passar godt for deg som er serviceinnstilt, likar å arbeide i eit miljø med høgt tempo, er blid og utadvendt.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er salgsmedarbeider / kontor- og administrasjonsmedarbeider

 

Logistikkfaget

IMG 7205

Ronja er lærling i Logistikkfaget på Lerum. Som lærling i logistikkfaget lærer ein å jobbe effektivt, planmessig, nøyaktig og rasjonelt, samt jobbe sjølvstendig i tillegg til å samarbeide med kollega, kunde og leverandørar. 

Logistikkfaget skal leggje grunnlag for logistikkoperatørens yrkesutøving innan lagring og interntransport, sikring av last og klargjering av forsendingar.  Logistikkfaget fokusera blant anna på effektiv informasjonsflyt, miljøvenleg og sikker transport, varegjennomstrømming og lønnsomheit ved transport og lagring av varer og gods.  

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev med yrkestittel logistikkoperatør. 

 

Industrimekanikarfaget

IMG 4037

 

Steinar er lærling i industrimekanikarfaget på Impec. Industrien er prega av kontinuerleg teknologisk utvikling med aukande grad av automatisering. 

 

Som lærling innan industrimekanikar får du grunnlag for yrkesutøving innan tilverknad, montering, vedlikehald og reparasjon i industri, offshorevirksomheit og skipsverft. Ein får allsidig kompetanse i tilverking og montering av mekaniske element, vedlikehald og reparasjon av maskin og utstyr. Evna til omstilling og forståing for mekaniske prosessar, fremje forståing for mekanisk oppbygging, regulering og styring. 

 

 

 

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev og yrkestittelen industrimekanikar.