NRK med fokus på yrkesfag

Publisert: 23.02.2015 09:31

NRK sett litt fokus på yrkesfag no i veke 9. Frå tirsdag 24.2 legg dei ut 3 episodar får dokumentaserien om yrkeslandslaget 2014 og deira deltaking i EM i Lille, Frankrike.

I dokumentarserien "Gull, ære og hardt arbeid ", som vert sendt i sin heilskap på NRK1 i april, vert me kjende med fire av kandidatane som deltok i Yrkes-EM i Lille hausten 2014. I meisterskapen konkurrerar 13 unge utøvarar i 11 forskjellige fag. NRK følgde spesielt 4 av desse; ein bilmekanikar, ein frisør, ein pleie- og omsorgsarbeidar og ein servitør.

Følg med på nrk.no! P3 Dok vil og kvitre om temaet og spreie informasjon via andre sosiale medium.

(Illustrasjonsfoto til artikkelen er ein kollasj av bilete henta frå nettsida WorldSkills.no)