Alle søknader besvart

Publisert: 05.03.2015 12:40

Alle registrerte søknader som vart registrert via vår søknadsportal innan 2. mars er no besvart! Om du har registrert søknad, men ikkje har høyrt noko frå SOK, må du ta kontakt med oss snarast!

Sogn Opplæringskontor mottok over 100 søknader til våre annonserte læreplassar innan fristen 2. mars.

No har me vore gjennom alle og besvart alle søkarar. Om du har registrert søknad, men ikkje har fått ein tilbakemelding frå oss, er det viktig at du tek kontakt med oss så snart som mogleg!

Søknadene vil no bli formidla videre til våre medlemsbedrifter, som vil gje ein tilbakemelding til oss og/eller søkaren om videre framdrift.