Koronavirus - nyttig informasjon og aktuelle lenkjer

Publisert: 16.03.2020 14:48

Oppdatert 9. april

Det er viktig for oss i Sogn opplæringskontor å jobbe saman med regjeringa og deira tiltak for å hindre smitte av koronavirus.

Sett i lys av at me er i kontakt med særs mange personar i løpet av ein arbeidsdag, har me stoppa opp med reiseverksemda vår. Dette er sjølvsagt ikkje ynskeleg, men noko som vi ser på som eit naudsynt tiltak for å hindre eventuell smitte/smittespreiing. Praktisk sett vil dette seie at lærlingsamtalar og andre aktivitetar i vil skje via Teams, Facetime eller andre medium. Dette vil i fyrste omgang gjelde fram til 3. april eller til ny informasjon kjem frå oss.

Me har fullt fokus på lærlingane og medlemsbedriftene våre. Me er tilgjengelege på både telefon og epost for å bistå alle med dei spørsmåla de har.
 
Anne Kauppi (dagleg leiar): anne@sognok.no - mobilnr: 91120643
Vibeke Rinde (opplæringskonsulent): vibeke@sognok.no - mobilnr: 95012300
Camilla Lerum Bondevik (opplæringskonsulent): camilla@sognok.no - mobilnr: 91148554
Pål Erik Sperle (opplæringskonsulent): pes@sognok.no - mobilnr: 92852397


Her vil me legge ut aktuell informasjon som gjeld lærlingar og medlemsbedrifter slik at du kan halde deg oppdatert. 

Støttetelefon for elevar, lærlingar og ungdommar - NB! oppdatert 26.mars

Regjeringen sin forslag "Tiltak for permitterte lærlinger" - NB! Oppdatert 9. april

Lærling og permitteringar

Arbeidsgjevar og permitteringar

Informasjon fra NAV    - informasjon om koronavirus

Informasjon fra NAV    - informasjon til arbeidsgjevar

Informasjon frå Vestland fylkeskommune

Informasjon fra Norsk Industri