Privatisteksamen og koronavirus

Publisert: 22.04.2020 13:46

Regjeringa har bestemt at det skal arrangerast eksamen for privatistar i vår. Vestland fylkeskommune vil leggje til rette for at eksamen blir arrangert i tråd med nasjonale smittevernråd. Privatistar som ønskjer det, kan melde seg av eksamen og få refundert eksamensavgifta. Frist for å melde seg av eksamen er onsdag 22. april kl. 23.59.

Tid og stad for privatisteksamen våren 2020

Vestland fylkekommune har no publisert datoar for privatisteksamen på privatistweb.no 

På grunn av situasjonen med koronavirus startar perioden for munnleg eksamen 4. mai. Sidan situasjonen framleis er uavklart, kan det bli endringar i den oppsette planen.

Du kan melde deg av eksamen og få tilbakebetalt 

På grunn av koronasituasjonen tilbyr vi dei privatistane som ønskjer det å melde seg av eksamen og få tilbakebetalt eksamensgebyret. Vi oppmoder alle dei som ikkje treng å ta eksamen i vår om å melde seg av og heller vente til hausten. På denne måten håper vi at vi får til ei trygg eksamensavvikling for dei som treng å gjennomføre eksamen no.

Bruk skjema på heimesida til Vestland fylkeskommune for å melde deg av eksamen. Frist for å melde seg av eksamen er onsdag 22. april klokka 23.59.
Vestland fylkeskommune