First Lego League
Publisert: 16.11.2021 13:03
Farnes skule 8.klasse skal representere Sogn i skandinavisk finale i Ålesund 12. mars 2022!
FOR EIN DAG me hadde laurdag 13.november! First Lego League Scandinavia er gjennomført og me er super stolte over alle elevane!
Vinnerane som skal representera Sogn i Skandinavisk finale i Ålesund er: 8.klasse Farnes skule! Dei hadde høgast poengsum frå den tre-delte konkurransen. (Les meir her)

Farnes skule 8.klasse: Vinnerne av prosjektprisen og robotkonkurransen!

Vinnerane av kjerneverdiprisen var Tangen skule 8.klasse. Dei kom òg på 2.plass i robotkonkuransen

Vinnerane av teknologiprisen var Tangen skule 9.klasse
