Digitalt informasjonsmøte om yrkesfag

Publisert: 21.02.2022 13:22

Siste veke leia Marco Elsafadi eit infomøte om yrkesfag, saman med seks flotte elevar som fortel om korleis det er å ta yrkesfag.
Mellom anna får du treffe Daniel som vil bli lege, og som no tek helsefag, Kija som har fagbrev og jobbar no som konditor og elektrikarlærling Tor-Stian.
Dei svarer på alt frå korleis utdanningsløpet er til kva dei får i løn!
Søknadsfristen er 1. mars på vigo.no

 

 

Sjå video her

På menyen står blant anna ti yrkesfaglege utdanningsprogram og i enden av dei ei rekke både yrkes- og karrieremoglegheiter. Dette var tema på det digitale informasjonsmøtet som vart sendt 17. februar

Tema for møtet var

  • kva er yrkesfag?
  • kva moglegheiter har du ved å velje yrkesfag?
  • kvifor kan det vere lurt å velje yrkesfag?

Ekstra søkjelys på yrkesfag

Informasjonsmøtet er eit resultat av samarbeid mellom opplæringskontora og Vestland fylkeskommune, det og er del av ei sterkare satsing på yrkesfag.

– Framskrivingar syner at vi i 2035 vil mangle 90 000 fagarbeidarar. Dei må utdannast no, og det er difor vi ønskjer å setje eit ekstra søkjelys på yrkesfaga, og syne kva moglegheiter som finst her, seier Karianne Torvanger, leiar av hovudutval for opplæring og kompetanse.