Skandinavisk final First Lego League

Publisert: 14.03.2022 11:03

Fredag 11.mars reiste me til Ålesund saman med elevane i 8.klasse frå Farnes skule – ein spent gjeng som var klar til Skandinavik finale i First Lego League. Deltakarane i finalen var alle championsvinnerane frå 47 turnerins byar i Danmark, Færøyene, Sverige og Norge, i tillegg eit gjestelag frå Island. 

Me kom til Ålesund på ettermiddagen, då var det full jobb med å sette opp stand, gjere klar robotar og program. Sjølve konkurransen starta laurdag med ein stor opningsseremoni. Finalen gjekk ut på: robotkampar, presentasjon av teknologi og presentasjon av prosjekt og kjerneverdi. 

Me gjekk dessverre ikkje vidare til sluttspelet, men elevane var kjempe flinke og godt nøgd med gjennomføringa. 

Dette har vore særs lærerikt. Elevane har allereie planen klar for kva dei skal jobbe med vidare. 

No gler me oss til nytt oppdrag, og er klar for å arrangere ein stor skandinavisk konkurranse for alle skulane i Sogn. 

 

 

 

IMG 2177         

 

 

 

IMG 2175

IMG 2172IMG 2178