NM i yrkesfag for Kristoffer

Kristoffer er lærling hjå Hydro Aluminium Årdal.

Lærlingen vår Kristoffer Loftheim har kvalifisert seg til NM i yrkesfag.

Sogn Opplæringskontor gratulerer Kristoffer som 26. - 28. april skal konkurrera mot 5 andre om å bli Norgesmeister i industrimekanikarfaget.

Det er Norsk industri, i samarbeid med WorldSkills Norway, Læringsfabrikken på Raufoss, Opplæringskontoret for industrifag Innlandet, Nammo og andre samarbeidspartar som inviterar til Yrkes-NM 2022 i faga sveising, industrimekanikar og automatisering. 

Som deltakar i Yrkes-NM vil Kristoffer vere med på ein spennande konkurranse og få vist fram kunnskap i faget sitt. Samstundes knyte nettverk med andre deltakarar og dommarar som han kan få nytta av i framtida. For verksemda Hydro Aluminium Årdal er dette ein moglegheit til å vise fram verksemda. 

Det spesielle med konkurransen er at det ikkje er automatisk vinnaren av Yrkes-NM som går vidare og skal representere Noreg i den internasjonale konkurransen.

Dette blir særs spennande, no er Kristoffer i full gang med øving og førebuing fram til mesterskapet i Raufoss. 

Sogn Opplæringskontor ønskjer Kristoffer lykke til i konkurransen!

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Finale i yrkes-NM 2022

Neste
Neste

Skandinavisk final First Lego League