Tips til fagprøven

Etter endt læretida går lærling opp til fagprøve eller kompetanseprøver. Sveineprøve er eit anna ord for fagprøve. Lengden på prøven variarar frå fag til fag, men fagprøven er lik for alle yrkesgrupper. Her er nokre tips frå oss i Sogn Opplæringskontor: 

Før fagprøven

Nokre ting kan du forberede deg på før fagprøven:

  • Organiser dokumentasjon

  • Klargjer skjema for framdriftsplan

  • Les nøye gjennom læreplan (vg1, vg2 og vg3)

Første dag på fagprøven

Du tek i mot fagnemnda når dei kjem til arbeidsstaden/prøvestasjon din. Du får så utlevert fagprøven og går igjennom det formelle med fagprøvenemnda. Fagprøven startar no.

Planlegging

Hugs å les oppgåva mange gonger, ta ein grundig vurdering av kva kompetansemål og teori som er viktig å få med. I planleggingsdeling skal du lage ein plan for den praktiske gjennomføringa og grunngi valte løysingar.

Eksempelvis kan dette vere:

  • Kva treng du av materiell, utstyr/verktøy

  • Treng du hjelp av ein eller fleire personar til nokre av oppgåvene?

  • HMS tiltak

  • Korleis løyse oppgåva

  • Kva rekkefølge skal du løyse oppgåva

  • Kor lang tid kjem du til å bruke på kvar del

  • Treng du løyve frå nokon til å utføre oppgåva? 

Gjennomføring

Fagprøven i dei fleste yrkesfag består av ein skriftleg del og ein munnleg presentasjon. Det er derfor lurt å ta notat og vurdere eigen arbeidsinnsats undervegs i gjennomføringa. 

Her skal lærling utføre arbeidet, viktig å passe på at det i størt mogleg grad samsvarar med planleggingsdelen:

  • Nøyaktigheit

  • Praktiske ferdigheiter

  • Evna til å sjå løysningar

  • Fokus på sikkerheit

  • Evne til å arbeide etter oppsett plan

  • Kunnskap om arbeidet som gjennomførast

  • Korleis jobbar du? Samarbeid, sjølvstendig og fleksibilitet

  • Kommunikasjon

Dokumentasjon

Dokumentasjon er ein stor del av fagprøven. Her må du vise heilheit og samanheng mellom det du gjer under prøven. 

  • Dokumenter og rapporter utført arbeid: Kva, kvifor og korleis du utfører ei arbeidsoppgåve.

  • Skisse/dokumentasjon på framgangsmåte

  • Relevant lovverk

Evaluering

Her skal lærling foreta ein vurdering av eiget arbeid, innsats og utførsle:

  • Gjekk alt som planlagt?

  • Om ikkje, kva var det som ikkje gjekk som planlagt, og kvifor? Kunne du ha forandra det eller gjort noko annleis?

  • Er det noko du kunne gjort betre? Forklar

  • Planla du rett bruk av HMS, tid, materiell ol?

  • Korleis var kommunikasjon under fagprøven?

  • Blei sluttresultata slik du ønska? Kvifor/kvifor ikkje?

  • Det er viktig at ein grunngir det ein seier og skriv, syn fagnemnda at du kan faget ditt og ser løysingar og moglegheiter.

Samtale med prøvenemd

  • Prøvenemnd kan stille spørsmål ut frå arbeidsoppgåvene du har gjennomført. Dette kan vere oppfølgingsspørsmål fordi dei er nysgjerrige, eller at dei treng ei meir utfyllande beskriving.

  • Du har her moglegheit til å vise fagnemnda alt du kan om faget, fagnemnda prøver å få fram alt du har lært – dette kan bidra til at du får karakteren bestått eller mykje godt bestått. 

 

Lykke til!!  

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Læreplassar 2023

Neste
Neste

Finale i yrkes-NM 2022