Velkommen til oppstartssamling!

FOTO: HYDRO

Onsdag 30. august køyrer Sogn Opplæringskontor i gong med oppstartssamling for alle nye lærlingar som har/eller skal starte på Hydro hausten 2023.  

Det blir informasjon om kva rettar og pliktar ein har som lærling, samt ei innføring i OLKweb, som er den digitale dokumentasjonsplattforma som både lærlingar, bedrifter og opplæringskontoret brukar.  

Etter litt fagleg «input» held me fram med litt aktivitetar i samarbeid med Bulder og Brak der ein får høve til å prøve seg i både kajakk og på SUP.  

Me avsluttar med middag på Samhold.  

Me gledar oss til å møte dykk! 

Programmet for samlinga 2023

Forrige
Forrige

Digitalt ID-kort for lærlingar

Neste
Neste

Læreplassar 2023