Fagbrevseremoni

I går hadde me fagbrevseremoni for alle lærlingar som hittil har tatt fagbrev i 2024. Over 20 lærlingar var samla i Årdal teknologipark der dei fekk heider og ære, samt eit eksklusivt kunstverk laga for SOK av kunstnaren bak Hammer ART.

Torsdag 27. juni arrangerte SOK for fyste gong fagbrevseremoni for lærlingar som har vore tilknytt Sogn Opplæringskontor i læretida si. Over 20 lærlingar, samt instruktørar og faglege leiarar, tok turen opp i Årdal Teknologipark for vere med på sermonien. Lærlingane fekk mange gode ord med seg på vegen vidare, samt eit eksklusivt kunstverk laga av Hammer ART som lærlingar som er tilknytt SOK får etter fullført fagbrev.

Kunstverket, som me har valt å kalle «Vegen vidare» her i SOK, er laga av ein lokal kunstnar som raskt har etablert seg over heile landet. Me takkar Ronny Hammer, kunstaren bak bilete, for at han klarte å få fram visjonen me hadde på ein så god måte.

Målet er at alle lærlingar i SOK skal få moglegheita til å delta på ein fagbrevseremoni, og me håpar derfor å få til ei lignande samling i januar 2025, der lærlingane som har tatt fagbrev etter 21. juni 2024 vert invitert.

Me ynskjer å takke alle som møtte opp, og ynskjer lærlingane våre lykke til i framtida, uansett kor dei vel å fly vidare.

Forrige
Forrige

Oppstartssamling for nye lærlingar

Neste
Neste

Velkommen til instruktørkurs