Oppstartssamling for nye lærlingar

I går hadde me første samling av tre, der Sogn Opplæringskontor inviterer med alle nye lærlingar til ei samling med fokus på arbeidsliv og samhald.

Lærlingane blir i år delt inn etter kvar dei har læretida si, og først ut var Hydro sine lærlingar. Dagen blei starta i Årdal Teknologipark med litt fagleg påfyll. For mange lærlingar er dette fyste møte med arbeidslivet, så informasjon om rettar og pliktar ein har som lærling og på jobb stod på agendaen.

Etter lunsj tok me turen til Aaosehytta, der me testa den nye frisbeegolfbana som stod klar i sommar. Det var høgt nivå blant lærlingane, også blant dei som aldri hadde spelt før.

Dei to andre samlingane blir avholdt i Kaupanger og Årdal, der samlinga på Kaupanger er for dei lærlingane som har lærestad “over fjorden”, medan den siste blir arrangert her i Årdal, og har fokus på lærlingane i Årdal, Lærdal, Aurland og Flåm.

Forrige
Forrige

Full rulle i Teknologiparken

Neste
Neste

Fagbrevseremoni