Yrkes-NM i Førde
Det har vore fire fulle dagar med innhald i Førde. I tillegg til at me har fulgt ein lærling som har deltatt på Yrkes- NM i helsearbeiderfaget, har me også hatt stand på utdanninsmessa og delteke på fagsamling.
Her har me vore vitne til lærlinger som har konkurrert på eit skyhøgt nivå under Yrkes-NM. Me har sjølvsagt heia mykje på vår eigen lærling, Joakim Ellingsen, som har delteke i helsearbeiderfaget.
Me har i tillegg teke i mot fleire hundre ungdommar frå heile Vestland som har vore innom standen vår. Der hadde me med oss to kjekke lærlingar, Kevin Lægreid og Sander Nilsen, frå Hydro som viste elevane sveisesimulatoren som lærlingane bruker i læretida. Denne vart eit populært innslag blant elevane som var innom
Tysdag kveld var me også på fagsamling med tema utanforskap. «Korleis skal vi redusere utanforskap i arbeidslivet blant unge?» Store spørsmål som det er vanskeleg å svare på. Daniel Rinde, lærling Årdalsnett, køyrte tur/retur for å fortelle om si historie, om kor viktig det er at folk har tru på deg, og tek hånda di, når du vel å strekke den fram