Læreplassar 2025

No er utlysningsplakaten for 2025 klar. Skal du søke læreplass i 2025, men usikker på kva bedrift du skal søke hjå? Søk læreplass hjå våre medlemsbedrifter og bli lærling i Sogn. Me tek i mot søknader om lærlingplass for alle våre medlemsbedrifter. Hugs og å søke hjå andre opplæringskontor og på Vigo! Det er alltid lurt å ha ein plan B!

Me har 38 lærebedrifter og 24 lærefag innanfor alt frå elektro, helse og tømrar til vaskeri, yrkessjåfør og produksjon, berre for å nemne nokon

Søk via vår søknadsportal: https://soknad.olkweb.no/sogn

Frist 1. mars 2025

Søknadane vert fortløpande formidla til bedriftene som så gjer sin vurdering av søkararane. Så ikkje vent med å søke til søknadsfristen er der!

NB! Hydro Årdal har ein eigen søkeportal med søknadsfrist 16. februar 2025:

NB! Årdal kommune har eigen søkeportal med søknadsfrist 1. mars 2025

 Registrer deg med så korrekte opplysningar som mogleg.

Alle vedlegg bør vere i PDF-format, då dette er det enklaste for bedriftene å forhalde seg til. Om du treng hjelp til å scanne papir eller gjere om filer til rett format, kan du ta kontakt med oss. 

Når du har registrert personalia vil du få tilsendt ein lenke til søknaden. Denne kan du nytte om du treng å endre på søknaden din. Når du klikker "Send inn søknaden" i siste steg kan du ikkje gjere fleire endringar. 

Merk: Me har opplevd at nettlesaren Google Chrome fungerar best med søkeportalen.

Neste
Neste

Leik og læring under Teknologiveka