Instruksjonskurs 6. oktober

Me tilbyr våre medlemsbedrifter instruksjonskurs for nye instruktørar/ faglege leiarar og oppfriskingskurs for erfarne faglege leiarar/ instruktørar denne hausten. Hald av fredag 6. oktober, og meld deg på no.

 

Fagleg innhald

Har du kunnskapar eller ferdigheiter som er verdifulle for bedrifta – og som det er di oppgåve å vidareføre til lærlingar, praksiskandidatar eller andre kollegaer?

Målet med instruksjonskurset er å gjere deltakarane betre og sikrare i å instruere og rettleie andre i eige arbeidsområde, samt formidle ein bodskap.

Kurset er ei innføring i praktisk pedagogikk for ikkje-pedagogar, og inneheld både teori og praktiske øvingar. På kurset får du trening og innsikt i gode instruksjonsprinsipp og i korleis opplæringa kan tilretteleggast og gjennomførast. Du vil bli bevisst eiga åtferd og korleis du kan oppnå god læring.

Etter kurset skal du vite meir om pedagogisk teori som gjer deg til en betre instruktør. Samt vere oppdatert på Fagfornyinga og læreplanar for opplæring i bedrift. I tillegg får du opplæring i korleis følge opp lærlingar ved å bruke dataverktyet OLKWEB.

” Sår du korn én gang, høster du én gang.
Planter du et tre, høster du ti ganger.
Underviser du menneskene,
høster du hundre ganger.” Kuan Tsu, 600 f.Kr.

Faggrunnlaget for kurset består mellom anna av

  • sentrale begrep innan kommunikasjon og motivasjon

  • instruktøren si rolle

  • korleis læringa vert påverka av læringsmiljø

  • læringssituasjonen

  • planlegging av opplæring/instruksjon

  • opplæring i oppfølgigngsverktyet OLKWEB

 

Instruksjonskurs 6. oktober i Årdal

Alle deltakarar må ha med seg nettbrett eller bærbar PC med wifi Kl. 08:30 – 15:00
Stad: Årdal Teknologipark

Målgruppe
Nye instruktørar/fadderar og faglege leiarar som har ansvar for opplæring av lærlingar. Oppfrisking viss det er ei stund sidan du deltok på instruksjonskurs

Påmelding
”Først til mølla”-prinsippet
30 plassar
Meld deg på aktiviteten i olkweb, eller

Send påmelding med navn, mobil, epost, fag og funksjon til: laila@sognok.no

Påmeldingsfrist pga matbestilling: 03.10.2023 klokka 12:00

Kurset er for medlemsbedriftene i Sogn Opplæringskontor. Lunsj er inkludert.

Sagt av tidligare deltakar:
”Eg kan trygt anbefale kurset til andre instruktørar. Kurset burde faktisk vore obligatorisk for alle instruktørar!”

Forrige
Forrige

First Lego League 2023 er i gong!

Neste
Neste

Lærlingsamling 2023