First Lego League 2023 er i gong!

I løpet av dei neste vekene skal 18 ulike lag frå heile Sogn kjenna på utforskartrong og skaparglede, sette eigne idear ut i livet, og lære seg å programmera. Den 11. november møtes laga i Årdal Kulturhus til regional finale i First Lego League Sogn, der ein konkurrerer om ulike prestisjetunge prisar.

First Lego League har som mål å inspirere born og unge i alderen 10-16 år til å bli morgondagens ingeniørar, forskarar og problemløysarar. Frist Lego League har ein arbeidsperiode på åtte veker. Etter dei åtte vekene møtes laga til ein konkurranse om ulike prisar. Det viktigaste er ikkje å vinna, men å læra og ha det kjekt. Finalen i First Lego League Sogn blir avholdt den 11. november 2023 i Årdal Kulturhus. To av laga får vere med vidare og representere Sogn i den Skandinaviske finalen i Mo i Rana i desember.

Me oppmodar alle som er på torget denne laurdagen til å komme innom Kulturhuset for å sjå kva desse fantastiske ungdommane har skapt.

Påmeldingsavgift og challengesett vert sponsa av Sogn Sparebank.

Viktige datoar 2023:

  • 16. september kl. 13:00 - Oppdragsslepp

  • 21. september kl. 17:00 - Veiledarsamling Sogndal vgs

  •  3. november - Siste frist for lagring av rapport

  • 11. november: Regionalfinale i Årdal Kulturhus, Øvre Årdal

  •  2. desember: Skandinavisk finale Mo i Rana

Program

Førebels program regional finale:

08:00  Dørene vert opna. Laga set opp standane sine

08:15     Rettleiarmøte

08:30     Dommarmøte

08:50 Laga stiller opp for seremoni

09:00     Opningsseremoni

09:30 Presentasjonar og robotkøyring

13:30 Kvartfinalar

14:20 Semifinalar

14:50 Finale

15:15 Medaljeutdeling

15:40 Prisutdeling

16:00 Turnering ferdig

Merk: Finalane, medaljeutdelinga og prisutdelinga går fortløpande, så tidspunkta er omtrentlege. Endringar kan komme.

Sponsorar

Forrige
Forrige

Stort engasjement på instruktørkurs

Neste
Neste

Instruksjonskurs 6. oktober