Leik og læring under Teknologiveka

Omlag 300 elevar frå heile Sogn tok førre veke turen innom Teknologiveka og Årdal Teknologipark for å få omvising hjå ulike bedrifter, samt leika seg med teknologien me har i øvingsfabrikken vår.

Medan forskarar, ingeniørar, akademikarar og anna næringsliv deltok på fagdagane under Teknologiveka, var det i øvingsfabrikken innom over 300 tiendeklassingar frå heile Sogn. Her fekk dei leike seg med alt me har av teknologi, samt gått ein besøksrunde og fekk informasjon av mange av dei dyktige lærebedriftene rundt oss.

Elevane kom frå Tangen, Farnes, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Kaupanger, Lærdal, Hafslo og Luster. Alle vart frakta med buss til Årdal og fekk sjå mykje av det spennande dei kan oppleve enten som elevar ved Årdal VGS eller som lærlingar i bedriftene.  

Bedriftene elevane besøkte på omvisinga var Impec, Hydro og Bilfinger. Her fekk dei informasjon om kva bedriftene jobbar med, samt kva behov dei har i framtida. Felles er at dei ynskjer alle elevane velkomne enten som ferievikarar eller lærlingar i framtida.

Etter dette var elevane inne i øvingsfabrikken i Teknologiparken. Her var målet at dei skulle få leike seg til lærdom, der det heile enda i ein konkurranse mellom alle skulane som deltok. Inne i øvingsfabrikken vart elevane delt opp i grupper som fekk ansvar for sine eigne produksjonsstasjonar, samt prøve seg på ein sveisesimulator. Alf Einar Karlsen (SITEP) , samt lærlingar innan automasjon og industrimekanikarar frå HMR og Hydro hadde opplæring av elevane. I tillegg hadde elevar ved Årdal VGS ein eigen stand der dei viste fram noko av utstyret dei har på skulen.

Resultat Quiz

Resultat produksjonkonkurranse

Fleire av skulane som kom og var med i konkurransen scora langt over forventningane me hadde til dei. Me har satt saman ein topp 3 liste både over produksjonskonkurransen, samt ei eiga lista der elevane svara på ein quiz, der fokus var teknologiske oppfinningar.

Læringane våre:  Rebin Talib Abdullah		 Melissa Myrtveit Cuevas	 Markus Dahl Joakim Henjum Benjamin Nyheim Hov Kevin	Lægreid Sander Myklebust Nilsen, Elias Moen Trollebø

Benjamin Nyheim Hov, Markus Dahl, Kevin Lægreid, Rebin Talib Abdullah, Melissa Myrtveit Cuevas, Elias Moen Trollebø. 
Joakim Henjum, Sander Myklebust Nilsen.

Me må sjølvsagt takka dei gode samarbeidspartnarane våre Hydro Aluminium Årdal, Impec, HMR og Bilfinger som er med på å gjere dette mogleg.

Forrige
Forrige

Læreplassar 2025

Neste
Neste

Meir enn berre Lego