Programmering i grunnskulen
Denne hausten har me besøkt alle trinn i grunnskulen på Farnes og Tangen for å arbeide med programmering i ulike former, tilpassa til dei ulike alderstrinna.
Innføringa av programmering i skulefaga har vore ein sentral del av LK20 og fagfornyinga, og denne satsinga har ført til eit engasjement for å introdusere elevane for koding. Som ein del av denne satsing inngikk Årdal kommune og Sogn Opplæringskontor skuleåret 22/23 ein avtale om kjøp av tenester innan programmering og koding for elevane ved grunnskulane. Satsinga er også ein viktig del av utviklinga av Teknologibygda Årdal. Dette skuleåret, som starta med besøk i klasseromma etter haustferien, har vore prega av spennande programmeringsoppgåver tilpassa ulike aldersgrupper.
I første klasse tok me med oss den velkjende Marihøna eller Bluebot, som mange kjenner frå tidlegare besøk her i Teknologiparken saman med barnehagen. Me presenterte fleire varierte oppgåver som utfordra dei yngste elevane. Nokon tek oppgåvene lett, medan andre treng fleire forsøk for å meistre dei.
Elevane i andre til fjerde klasse har dette året byrja med Lego Essential. Her konstruerer dei ein LEGO-modell rundt ein motor, som dei deretter programmerer via iPadane dei har tilgang til gjennom skulen. Motoren, eller hubben, kan koplas til sensorar med ulike funksjonar. Dei fleste elevane har erfaring med å bygge med Lego, så oppgåvene engasjerer stort. Ein av oppgåvene inkluderte konstruksjonen av ei søppelmonstermaskin.
På mellomtrinnet, frå femte til sjuande klasse, har elevane dette året mellom anna jobba med Micro:bit, Supert:bit og Spherobolt. Her nyttar dei igjen iPadane til å programmere anten bilar eller ballar.
Ungdomskulen har i år jobba med Python-programmering. Python er eit programmeringsspråk som elevane kan bruke til å fortelje datamaskiner kva dei skal gjere. Python er kjend for å vere enkel å lære, med enkel og lesbar kode. I klassane har me blant anna brukt Python til å lære algebra, samt lage statistikk.