Klare for avreise til Mo i Rana
Akkurat no er ein gjeng frå 8. klasse på Farnes skule på veg til den Skandinaviske Finalen i First Lego League i Mo i Rana. Dei var ein av to heldige vinnarar som stakk av med seieren i den regionale finalen her i Sogn.
Seks elevar og tre vaksne starta dagen klokka 04.45 i dag, for å ta fatt på den lange turen til Mo i Rana. Turen går først til Haukåsen, deretter flyr dei til Oslo og vidare til Bodø, før ein tre timar lang busstur til destinasjonen ventar. I helga skal dei, som vinnar av den regionale finalen i Sogn, saman med 46 andre lag kjempe om den gjeve Championsprisen og vinnar av FLL Skandinavia.
Det er ein spent gjeng som no gler seg til å konkurrere med lag frå heile Skandinavia, men det var ikkje gitt at laget frå Farnes fekk reise til Mo i Rana for å delta. Å reise så langt nord er både langt og kostbart, så dei var avhengige av å få med seg nokre sponsorar som hadde lyst at elevane skulle få delta på denne opplevinga.
Heldigvis stilte både Hydro, Sogn Sparebank og Årdal Energi raskt opp for å gi elevane moglegheit til å delta.
Me ynskjer laget masse lykke til i helga!