Stort engasjement på instruktørkurs
Fredag 6. oktober hadde Sogn Opplæringskontor instruktørkurs for over 40 tilsette frå ulike bedrifter i Sogn. Me takkar alle som møtte opp for å delta på kurset.
Førre fredag kom instruktørar med ulik fagleg bakgrunn saman for å snakke om kva det inneber å vere instruktør. At så mange deltok på kurset, viser at instruktørane våre tar jobben sin på høgste alvor, og ynskjer det beste for sine lærlingar. Det er nettopp på grunn av dei at Sogn har så gode tal når det kjem til lærlingar med godkjende fagbrev.
Dagleg leiar, Anne Kauppi, leia instruktørane gjennom dagen som hadde fokus på kommunikasjon, læring og motivasjon, samt rettleiing i OLKWEB.
Instruktørane vart også delt opp i grupper, der dei jobba med fleire oppgåver med stort engasjement.
Dersom det er nokon av deltakarane som ynskjer kopi av presentasjonen i etterkant, kan de finne den under aktivitet i OLKWEB.