Teknologiveka og besøk av 10. klasse
Det spirar og gror nye talent blant dei unge i Årdal, i Sogn og på Vestlandet. Ei nyleg hending som lyser opp er Teknologiveka i Årdal kommune. Den starta med den regionale finalen i First Lego League på Årdal Kulturhus. Resten av veka var fylt med aktivitetar då tiandeklassingar frå heile Sogn besøkte Årdal teknologipark.
Heile veka kom det elevbesøk frå tiandeklassar på ungdomsskular rundt om i Lærdal, Aurland, Farnes, Leikanger, Sogndal, Kaupanger og Årdalstangen. Dei nærare 300 elevane fekk informasjon om yrkesfag, omvisning i teknologiparken og demonstrasjonar i øvingsfabrikken. Mange av bedriftene i Årdal stilte med stand i Teknologiparken denne veka, og fleire av dei tok imot elevane på bedriftsbesøk. Her må me nevna Hydro Årdal, Bilfinger og HMR Hydeq, der elevane fekk innsyn i den varierte arbeidsmarknaden og framtida innan teknologi og grøn vekst.
Årdal teknologipark samla også ledande verksemder og aktørar for å dele kunnskap, inspirere og oppmuntre til samarbeid innan Kunstig Intelligens (AI), droner, XR, verktøyapplikasjonar, 3D og Big Data. Framtida ser lys ut med slike initiativ og samspel mellom teknologi, utdanning og læring for dei unge.
Under Teknologiveka 2023 hadde me ei heil veke med ulike arrangement, frå føredrag til demonstrasjonar, der ulike bedrifter kom og presenterte løysingane sine for ulike utfordringar på arbeidsplassen. Målet var å dele nyskapande teknologiløysingar og tilnærmingar for ulike problemstillingar. Me takkar alle for deltakelsen på arrangementet og håpar de hadde ei like triveleg veke som oss.