Er du vår nye opplæringskonsulent?
Er du vår nye opplæringskonsulent?
Likar du å arbeide i eit spennande og hektisk miljø?
Hjå oss får du moglegheita til å følga ungdommar i starten på yrkeslivet fram mot eit fagbrev.
OPPLÆRINGSKONSULENT
Sogn Opplæringskontor (SOK) søker ny opplæringskonsulent og me søker deg som ser betydninga av fagopplæring og som vil vere med lærlingane våre på vegen mot fagbrev. Du er interessert i fagopplæring og kvalitetssikring av opplæringa, og du kommuniserer godt med ungdom.
Kvalifikasjonar:
· Erfaring frå industri og aller helst innan elektro- automasjonsfag
· Fagbrev, teknisk utdanning eller anna utdanning
· Pedagogisk utdanning er ynskjeleg, men ikkje eit krav
· Strukturert og påliteleg og har gode kommunikasjonsferdigheiter både skriftleg og munnleg.
· Gode IT-kunnskapar.
· Interesse for å lære deg koding og programmering for barnehage og grunnskule.
· Personlege eigenskapar vert vektlagt, og er viktigare enn formell kompetanse.
· Førerkort klasse B.
Arbeidsoppgåver:
· Oppfølging av lærlingar i medlemsbedriftene.
· Arrangere samlingar og kurs for lærlingar og instruktørar/faglege leiarar
· Vere med i våre opplegg innan koding og programmering for barnehage og grunnskule
· Informasjons- og rekrutteringsarbeid på skulane og yrkesmesser.
· Samarbeid med våre samarbeidspartnerar og medlemsbedrifter
Me tibyr:
· Fast stilling i 100% med ein spennande og variert kvardag.
· Triveleg arbeidsstad i nye lokaler i Årdal Teknologipark.
· Løn etter avtale.
· Fleksibel arbeidstid med fri romjul, påske og inneklemte dagar.
· Gode forsikring- og pensjonsordningar.
· Eit godt nettverk innan fagopplæring.
Søknadsfrist: snarast og innan 15. desember 2023 - sendast til anne@sognok.no, merkast søknad
Tilsetting før søknadsfrist kan bli aktuelt
For spørsmål om stillinga kontakt Anne Kauppi, 91120643 eller anne@sognok.no