Møbelsnekkarfaget

Lars og Silje er lærlingar i møbelsnekkarfaget hjå Timbla AS. Som møbelsnekkar jobbar ein med å produsere, vedlikehalde og reparere møblar, trevarer og innreiing av tre og trebaserte material.

Ein møbelsnekkar skal bidra til å dekkje etterspurnad etter spesiallaga innreiing og møblar samt imøtekomme behov for reparasjon og restaurering. Ein får innsikt i treets spesielle eigenskapar, utvikling av nye teknikkar og bruk av nye material og maskiner. Ein lærer seg design- og produktutvikling, samt samarbeid med kundar og formgivarar.

Møbelsnekkarfaget er forankra i gamle handverkstradisjonar.

Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittel er møbelsnekkar.

Forrige

Grafisk produksjonsteknikk

Neste

Salsfaget / kontor og administrasjonsfaget