Teknologi - koding og programmering

Bruk av teknologi og programmering i grunnskulen er stadig meir vanleg. Det er viktig for at elevane skal forstå korleis teknologien fungerar, og for å forberede elevane på framtidas arbeidsmarknad.

Programmering er no ein del av læreplanen og noko alle elevar skal lære.

Våre medlemsbedrifter har eit aukande behov for folk me dugleik og røynsler som kan bidra til innovasjon, entrepenørskap og modernisering samt utvikling av nye bedrifter og næringar.

Skuleåret 2022/23 har Årdal kommune og Sogn Opplæringskontor inngått ein avtale om kjøp av tenester innan programmering og koding for elevane ved grunnskulane. Satsinga er ein del av utviklinga av Teknologibygda Årdal.

Sogn Opplæringskontor ynskjer på bakrunn av dette at elevar i Sogn skal få eit digitalt forsprang og at næringslivet i Sogn skal få tilgang på elevar med denne kompetansen.

Kva gjer me:

  • Eldste gruppe i barnehagane er på besøk i Årdal Tekologipark med koding

  • Tilpassa undervisning, 2-5 økter pr klassetrinn, 1.-10.  klasse.

  • Utlån av utstyr til koding fom 4-5 år til 16 år.

  • Undervisning valfag programmering 8. og 9. klasse.

  • Opplæring/kurs i programmering til lærarar

  • First Lego League – FLL

First Lego League

Sogn Opplæringskontor arrangerer årleg Skandinavias største teknologiturnering for alle skulane i Sogn. First Lego League er ein konkurranse som set logikk, mattekunnskap, vitenskap, ingeniørvitenskap, teknologi og programmeringsevner på prøve. I tillegg skal elevane løyse ei oppgåve som går ut på dagsaktuelle problemstillingar.

Konkurransen er tre-delt.  For å vinne må ein ha høgst samla poengsum av den tre-delte konkurransen.

1. Prosjekt

Prosjektdelen er forskningsdelen i programmet. Her skal deltakarane forske på årets tema, finne ein relevant problemstilling for så å foreslå ei løysing på denne. Det kan vere eit produkt, ei tjeneste, ein forbedring av noko som allerede eksisterar, eller andre innovative løysingar.  

2. Teknologi/Robotkonkurranse

I teknologi skal elevane lære å programmere ein LEGO SPIKE Prime eller MINDSTORMS Robot og bruke den til å løyse hinder på ei robotbane (denne følger med i Challengesettet). 

3. Kjerneverdier 

Desse omkransar alle kategoriane og skal vere tydeleg gjennom heile prosjektperioden. Fokuset er på at deltakarane skal jobbe saman som eit lag, respektere kvarandre, og ha det kjekt.

FIRST® LEGO® League inspirerer barn og unge i alderen 4-16 år til å bli morgendagens ingeniører, forskere og problemløsere. Gjennom samfunnsaktuelle oppdrag får deltakerne oppleve vitenskap og teknologi på en engasjerende og spennende måte!
— hjernekraft.org