Full rulle i Teknologiparken

Dei siste dagane har det vore full rulle i Årdal Teknologipark. I tillegg til at me har fullt fokus på First Lego League og Teknologiveka om knappe to veker, har me denne veka også hatt alle 2. års lærlingane på samling, samt heldt kurs for over 30 nye instruktørar.

Det nærmar seg for alvor Teknologiveka der me skal ta i mot over 300 elevar frå heile Sogn. I tillegg er me arrangør for den regionale finalen av First Lego League, som går av stabelen 9. november og som er blitt ein kick-off på den kommande Teknologiveka der teknologisk innovasjon og berekraftig utvikling er i fokus. Under årets First Lego League deltar over 14 lag frå heile Sogn i ein av verdas største kunnskap- og teknologikonkurranse for barn i alderen 6-16 år. Det er med andre ord stor aktivitet i Teknologiparken om dagen.

Tysdag denne veka tok over 30 ulike tilsette frå medlemsbedriftene våre turen til Årdal for å delta på kurs for nye instruktørar. Pål Erik Sperle guida dei ferske instruktørane gjennom ei praksisk-pedagogisk tilnærming til både opplæring og oppfølging av lærlingane våre. Me har over gjennomsnittet gode resultat når det kjem til gjennomføring av fagprøvar, så gode at faktisk Utdanningsdirektoratet sjølv lurer på kva me gjer, og instruktørane skal ha ein god del av æra for det.

I tillegg til instruktørane, kom også alle lærlingane som skal ta fagbrev i 2025 innom Teknologiparken onsdag. Her fekk dei informasjon frå fagprøvenemndene om fagprøven dei skal gjennomføre det komande året. Lærlingane får på denne måten møte sensorane sine, og stille spørsmål angåande det praktiske rundt denne prøven. Me opplev at mange av lærlingane får ein større ro rundt gjennomføringa av fagprøven etter desse samlingane. Sogn Sparebank var også i år innom og formidla informasjon rundt tema som sparing og forsikring til lærlingane. Som alltid avslutta dei økta si med ein Kahoot og dagspass til Målrock for vinnarane.

I morgon rettar me igjen augene mot First Lego League, og er klare for å ta i mot deltakarane frå Farnes- og Tangen skule. Dei ynskjer nemleg å bruke den elevfrie dagen sin i Teknologiparken, for å bli endra betre rusta til 9. november og den regionale finalen i First Lego League i Årdal Kulturhus.

Forrige
Forrige

Meir enn berre Lego

Neste
Neste

Oppstartssamling for nye lærlingar