Meir enn berre Lego
Alle deltakarane fekk medalje utlevert av ordførar Christian Sønstlien.
Sjølv om me berre kan sende eit av dei deltakande laga vidare til den Skandinaviske finalen, er den største premien gleda, engasjementet, vennskapa og læringa ein oppleve på turneringsdagen. Utrykket det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta, kunne ikkje ha passa betre i ein konkurranse enn nettopp First Lego League.
For denne konkurransen handlar om så mykje meir enn det å vinne. Den har som mål å inspirere barn og unge til å bli morgondagens ingeniørar, forskarar og problemløysarar. I løpet av arbeidsperioden fram mot konkurransen vil deltakarane oppleve utforskartrang og skaparglede, sette eigne idear ut i livet, og lære seg å programmere.
Og sjølv om dette er ein premie i seg sjølv, vart det likevel delt ut fleire premiar til laga som scora best innanfor dei ulike kategoriane.
Me delte blant anna ut tre teknologiprisar. Denne prisen gjekk til dei laga som på fleire områder har utvikla ein unik robot, med fokus på innovativt design, programmering, strategi, påliteleg konstruksjon og gode idear for å løyse robotoppdraga. Laget vart vurdert ut frå den tekniske presentasjonen som dei har framfor dommarane. Laga som fekk premiert innsatsen sin her var Karadn (Kvåle skule), Ocean Eyes (Tangen skule) og TOD9 (Kvåle skule).
Me delte også ut tre prosjektprisar. Denne prisen gjekk til dei laga som gjennom arbeidet sitt har vist at dei har forstått kva årets tema handlar om. Vinnarane hadde identifisert ein aktuell problemstilling og kome med innovative løysingar. Sjølve presentasjonen blei vurdert av dommarane, og kreativitet og engasjement var viktige element i tillegg til det faglege. Laga som stakk av med prisar her var Blehblehblehs (Tangen skule), Kveitebollane (Farnes skule) og 7AB (Leikanger skule).
Kjerneverdiprisen gjekk i år til det laget som viste best korleis kjerneverdiane har spela ei viktig rolle i deira arbeid med FLL. Viktige stikkord er samarbeid, engasjement, respekt, inkludering og organisering. Denne priser var det Ocean Eyes på Tangen skule som stakk av med.
Veiledarprisen gjekk i år til Sondre Øvrebust Høiseth frå Hafslo barne- og ungdomsskule. Veiledarane skal inspirere laga sine til å gjere deira beste, både individuelt og saman. Utan veiledarane, ville det ikkje vore FIRST LEGO League. Sondre viste dette gjennom god leiing og veiledning, samt gode eksempel på bruk av kjerneverdiane.
I tillegg deler me ut prisen til dei to vinnarane av robotkampane. Dette er dei to laga som står igjen i finalen og som gjennom dei ulike rundane har hatt flest poeng. 1. plass gjekk her til 7AB frå Leikanger skule, medan andreplassen gikk til Sushi, 6. klasse på Haflso barne- og ungdomsskule.
Dommarane fekk også komme fram for å få ein liten premie.
Den gjevaste prisen me deler ut er Championsprisen. Denne prisen går til det laget som samanlagt har gjort det best i alle kategoriane. 7AB frå Leikanger barne- og ungdomsskule stakk av med sigeren og får derfor konkurrere med lag frå heile Skandinavia i Trondheim den fyst helga i desember. Sogn Sparebank støttar laget som reiser med 10 000,- i reisekassa.
Sjølv om vinnarane fortener heder og ære, må me også få takke alle dei andre som gjer at dette i det heile teke er mogleg å gjennomføre.
Takk til alle sponsorene våre Sogn Sparebank, Hydro Aluminium Årdal, Årdalsnett og Årdal Energi.
Tusen takk til Andreas Aannevik på lyd og Kent Fimreite frå Hallo Sogn på video.
Tusen takk til IL Jotun for deilig mat i kafeen.
Takk til alle dommarane våre.
Takk til konferansieren vår Jonas Engebø Aasen.
Og takk til ordførar Christian Sønstlien som kjem for å dele ut medalje til alle dei 200 deltakarane.
Nedanfor kan du sjå fleire bileter frå dagen.